![]() |
![]() |
Styrekandidat Voss
Styrekandidat Voss er ein database som koplar personar som er interesserte i styreverv med verksemder som søkjer eksterne styremedlemmer.
Målet med databasen er å få fram kandidatar som skal bidra til å profesjonalisere styrearbeidet i verksemdene i regionen, mellom anna ved å auke mangfaldet i styra, betre kjønnsbalansen og få inn fleire yngre kandidatar.
Styredatabasen er eit samarbeid mellom Voss herad og Hardanger og Voss Næringshage.
Styredatabasen er eit samarbeid mellom Voss herad og Hardanger og Voss Næringshage.
- Alle kandidatane får tilbod om relevante styrekurs og kompetanseprogram gjennom Hardanger og Voss Næringshage.
- Alle står fritt til å nytte databasen. Databasen er open for alle.
- Voss herad garanterer ikkje for kandidatane.

